1298

Pris:
262.00
Førpris: 299.00
ISBN: 9788253028255
Utgivelsesår: 2005
Status: Utsolgt
Innbinding: h

Kunsthandverk

Frå tause ting til talande objekt

Kunsthandverk - kva slags kunst er det? Før var det namnet på handlaga gjenstandar i keramikk, tekstil, tre eller glas, men kva når materialet er ready-mades og resultatet ikkje lenger er bruksting? Kva rolle fyller eigentleg kunsthandverket i dag? Veiteberg nærmar seg kunsthandverket frå tre ulike innfallsvinklar: historisk, estetisk og som samtidskunst.

Kunsthandverk - kva slags kunst er det? Før var det namnet på handlaga gjenstandar i keramikk, tekstil, tre eller glas, men kva når materialet er ready-mades og resultatet ikkje lenger er bruksting? Kva rolle fyller eigentleg kunsthandverket i dag? Kan vi tala om ein slutt for kunsthandverket slik filosofen Arthur Danto snakkar om i "The End of Art" (Kunstens avslutning)? Dei som arbeider med kunsthandverk, teoretisk eller praktisk, drøftar kontinuerleg identiteten til faget. Representerer ordet bestemte verdiar som bør styrkast, eller bør det erstattast med nemningar som "spesialisert kunst", "objektkunst" eller "kunst" rett og slett? Og kva slags praksis er kunsthandverk? Kanskje ei form for praktisk filosofi basert på taus kunnskap? Men boka gir fleire døme på at tause ting kan bli til talande objekt. Forfattaren nærmar seg kunsthandverket frå tre ulike innfallsvinklar: historisk, estetisk og som samtidskunst. Ho drøftar også kva det vil seia "å tenkja gjennom materiale" og leverer eit forsvar for det vakre som verdi.

Forfatter(e):