Tabita artikkel

Terningkast 6 til Iben Mondrups «Tabita»!

«Det går ein understraum av sanseleg brutalitet gjennom heile romanen» skriver anmelder Sofie Braut i Stavanger Aftenblad i en strålende anmeldelse av Iben Mondrups «Tabita».

Den danske forfatteren Iben Mondrup har fått mye oppmerksomhet og fantastiske anmeldelser i hjemlandet med sin sjuende utgivelse, Tabita.

Boken er Mondrups første roman på norsk, og anmelderen Sofie Braut i Stavanger Aftenblad, har trykket fortellingen om de to tvangsadopterte søsknene til sitt bryst: «Det er ein dyster bit av dansk historie ho har gitt seg i kast med i si siste utgjeving, Iben Mondrup. Haustens bok er forfattarens sjuande roman og den første som er omsett til norsk, eg legg gjerne til: omsetjinga er eit prikkfritt stykke arbeid av Trude Marstein… Mondrup maktar først og fremst å legga band på seg som ein svært engasjert forteljar med ei sterk historie på hjarta. Vi får så absolutt detaljane og det groteske, men alt vert porsjonert ut på ein svært effektfull måte, både som frampeik og tilbakeblikk. Mondrup unngår dei mange fallgruvene som gjerne finst når historier om overgrep skal forteljast. Ho insisterer på å gje samansette og truverdige framstillingar av alle involverte og motiva deira. Romanens Eva, til dømes, kunne fort ha blitt ein sjablong av ei kulturelt hovmodig kjøpmannsfrue, men i romanen vert ho eit menneske med blanda motiv og sitt heilt eige raseri. Det går ein understraum av sanseleg brutalitet gjennom heile romanen, frå eit rallande dødsleie i opningssatsane, via Abelones dramatiske fødsel på eit badegolv, til Tabitas harejakt mot slutten av romanen. Heile vegen held Mondrup både tak i den intense handlinga og relasjonane i romanen og samtidig greier ho å formidla det større biletet av kulturell fortrenging, forvrenging og raseriet som følgjer av dette. Tabita sitt liv skal reparerast i Danmark, men realiteten er at det vert rasert. Ho vert skilt frå bror sin, språket sitt og hamnar ironisk nok i det mest primitive av miljø berre at dette er godt skjult av ein besteborgarleg fasade. Mondrup gir eit skakande, truverdig og svært leseverdig innblikk i konsekvensane av slik kulturell rasering.»
terningkast_6 liten flat.png Sofie Braut, Stavanger Aftenblad

Les mer om boken her