2033

Pris:
399.00
ISBN: 9788253037004
Utgivelsesår: 2014
Status: I salg
Sideantall: 329
Innbinding: h

Islam og kristendom

Konflikt og dialog (Revidert utgave 2014)

 

 

NY UTGÅVE 2014

 

 

I Norge, og i Vest-Europa elles, er det muslimske nærværet nytt og sterkt. Denne boka tar utgangspunkt i islam i Norge, og tar dernest lesaren med på ei spennande reise i historia til muslimar og kristne i Midtausten og i Vesten. Historia blir ført fram til vår eiga tid, då kulturmøtet skjer midt i Europa.

Første del av boka gir historisk perspektiv til dei religiøse, etiske og politiske sidene ved kulturmøtet som den siste delen handlar om. Her tar Leirvik opp tema som Bibelen og Koranen, gudsbiletet, synet på Jesus og Muhammad, lov og fridom, stat og religion, menneskerettar, kjønnsmakt og valdsbruk.

Eit sentralt spørsmål i boka er kva som skjer i det spenningsfylte rommet mellom de to religionane: Vil muslimar og kristne for alltid vere i konflikt eller kan dei kome i dialog med kvarandre og skape nye fellesrom?

 

 

 

 

 

 

 

 

Presse

"Å lesa denne lågmælt drøftande og velskrivne boka ... er ei lise."
Olav Kobbeltveit i Bergens Tidende

Forfatter(e):