Leirvik, Oddbjørn
Oddbjørn Leirvik er professor emeritus i interreligiøse studiar ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Han var tidlegare i ei årrekke prest i den fleirkulturelle bydelen Grünerløkka i Oslo. Oddbjørn Leirvik har i mange år bidratt til og drive forsking på kristen-muslimsk dialog og er ein av våre fremste kjennarar av forholdet mellom kristendom og islam. Leirvik har engasjert seg både i dei religionspolitiske og åndelege sidene ved møtet mellom ulike religionar og livssyn i Norge, og internasjonalt. Han har skrive ei rekke bøker, mellom anna Møte med islam (1990), Religionsdialog på norsk (1996, 2001), Islamsk etikk – ei ideéhistorie (2002), Islam og kristendom: konflikt og dialog (2006, 2014), Human Conscience and Muslim-Christian Relations (2006), Images of Jesus Christ in Islam (2010) og Interreligious Studies. A Relational Approach to Religious Activism and the Study of Religion (2014).